Fjellrosa Spel og Dansarlag ønskjer i samarbeid med Telemarkfestivalen å markere at det i år er 200 år sidan Ole O. Kolsrud frå Heddal blei fødd. Ole O. Kolsrud (1821-1902) var spelemann, gråtrøyeskreddar, treskjerar og felemaker – og ikkje minst slåttediktar. Dette ønskjer vi å markere med ein konsert i to avdelingar: først med soger og slåttar i tradisjonell drakt, før vi får høre det gamle slåttematerialet i ny tolking.

 

Knut Buen vil i første del spele slåttar etter Ole Kolsrud i former som er tett på det opprinnelege, overført gjennom spelemannen Anund Haugan (1883-1962), men også i former etter Torkjell Haugerud og Kjetil Løndal. Vi får også høre Einar Øverland spele, og Rønnaug Larsen og Eivind Bakka vil danse i heddalstradisjon. Utover slåttar, vil det bli soger om Ole Kolsruds liv og virke, illustrert med bilde av handverk han har utførd.

 

I andre del av konserten, etter ei lita pause, får vi oppleve trioen Anne Hytta, Johanne Flottorp og Tuva Færden som nå er aktuell med plata «Hitterdal». Utgangspunktet er notenedteikningar frå Hardingfeleverket skrive ned i perioden 1920-1944 av Arne Bjørndal og Eivind Groven etter spelemennane Anund Haugan, Olav Fyrileiv, Torkil Kolbjørnsrud og far hans, Jon Kolbjørnsrud – slåttemateriale som stort sett gjeng tilbake til Ole Kolsrud. Dei har arrangert slåttane for tre stemmer, og på konserten vil vi få høre smakebitar frå plata.

Arrangør: Fjellrosa Spel og Dansarlag og Telemarkfestivalen

Artist: Knut Buen, Anne Hytta, Johanne Flottorp, Tuva Færden m.fl

Scroll to Top