Ottar overlevde alt

 

Forfatter Svein Sæter kåserer. Filminnslag ved Svein Vetle Trae.

 

Boksalg og signering. Gratis inngang!

 

Ottar Haugland frå Notodden overlevde sjølvmordspille, dødsleir og dødsmarsj i kampen mot nazismen. No er den uhyggelege og oppløftande historia samla i bokform. «Krig. Mor. Bror».

Ottar Hauglands beretning er ei lysande historie om den mørkaste tida i menneskets historie, seier forfattaren Svein Sæter.

Han har tidlegare skrive fire kritikarroste bøker om den andre verdskrigen, blant anna om Knut Haugland, bror av Ottar. Det var tungtvannssabotøren Knut som fortalte Sæter om Ottars ufatteleg dramatiske krigsår.

 

Kampen for livet

Natt til 24. november 1943 vart begge brørne tatt og torturert av Gestapo; Milorg-leiar Ottar Haugland på Notodden, Kompani Linge-agent Knut på Kongsberg. Knut gjennomførte ei fantastisk flukt. Ottar tok ei sjølvmordspille.

Han var villig til å dø for å beskytte andre. Men blåsyretabletten var for svak. I staden vart Ottar sendt til ein sikker død i utslettingsleiren Stutthof. Der fann han papir og blyant, og begynte å skrive. Dagboka hans er kjernen i forteljinga, seier Sæter.

Mor Gunnhild Haugland hadde ei forferdeleg tid heime på Rjukan. Kort tid etter at Ottar vart arrestert omkom mannen Olaf i ei ulykke. Knut visste ho ingen ting om. Så begynte også Gunnhild å skrive dagbok, i angst og kamp for gutane sine.

Vekslinga mellom dagbøkene til mor og Ottar og Knuts krigsrapportar er uhyre sterk lesnad.

 

Ei allmenn historie

Ottars historie er ei forteljing om det ufattelege. Om ufatteleg ondskap, ufatteleg vald, om dei ufatteleg svarte avkrokane i menneskesinnet. Samtidig er det eit sterkt lys over denne historia; ei nesten naturstridig tru på menneskeverd og humanisme, seier Svein Sæter.

Han meiner dette løftar Ottar Hauglands kamp til ei universell, tidlaus historie.

Den handlar om korleis det verste i mennesket kan bli møtt med det beste. Om samhald og solidaritet mot ekstreme overgrep. Om kva for krefter som finst i mennesket når det verkeleg tærer på.

 

Ein bauta på Notodden

Ottar Haugland overlevde, mot alle odds. Han kom tilbake til heimbyen, stifta familie og vart ei samfunnsstøtte på Notodden gjennom mange tiår til han gjekk bort i 2002: lokalpolitikar, skolemann, organisasjonsmenneske, rektor på Hydros opplæringssenter Brattrein.

Han kom tilbake frå krigens mareritt med eit bodskap om håp, respekt og forsoning. Det fortel mykje om mennesket Ottar Haugland, seier forfattaren Svein Sæter.

Sæter er også ein skatta kåsør. Under boklanseringa på biblioteket fortel han Ottar Hauglands historie i ord og bilde. Svein Vetle Trae, som har vore konsulent for boka, viser eit filmopptak med Ottar Haugland sjølv. «Krig. Mor. Bror» blir gitt ut på Samlaget.

Dette arrangementet er et samarbeid mellom forfatter Svein Sæter og biblioteket.

Alle hjertelig velkommen!

Scroll to Top