Ugras er eit band frå Bø i Telemark som med ei utvida bluegrassinstrumentering lagar og framfører låtar inspirert av m.a. tradisjonell amerikansk folkemusikk, country og americana/roots samt norsk/irsk folkemusikk og bluegrass.

Musikken er fortrinnsvis frisk, livleg og humørfylt, men ikkje utan innslag av sørgmodigheit og melankoli. I alle høve representerer Ugras sine låtar noko ekte, ærleg og jordnært – både når det gjeld tekstar og musikk.

Konsertar med Ugras er ofte sett saman av eigne og andre sine låtar i same sjangerlandskap. Bandet sine eigne tekstar er skrivne på nynorsk/Bø-dialekt. Bandet er kjend for å skape stor stemning når dei opptrer.

Ugras består av Torstein Askildt: vokal, gitar, mandolin og munnspel; Stian Dalen: dobro, mandolin, gitar og vokal; Audun R¿rmark: fele og vokal; J¿rgen Tellnes: cajòn og vokal; Knut Eirik Hult: bass og vokal.

Ugras fann tonen hausten 2012 og har sidan då halde mange konsertar på pubar, festivalar og private arrangement. Sommaren 2015 spela dei inn ei plate med 10 låtar. Opptaka blei gjort live og på kort tid i Jon Solberg sitt heimestudio. Resultatet er ei direkte og levande plate, som let akkurat slik Ugras skal.

Så kva er Ugras? Jau, som du allereie veit: Friskt og frodig, eigenrådig, tilpasningsdyktig, vilt og vakkert, noko med solide røter og som kan dukke opp når du minst ventar det!

Scroll to Top