Jon Solberg er kanskje aller mest kjent som frontfigur og låtsmed i bandet Ni Liv, men står også fjellstøtt som soloartist. Han har hatt 16 låter på NRK P1s nasjonale spelelister, han er nominert til Spellemann-pris, og han har gitt ut ei lang rekke CD-ar. Så lenge toget fløyter er Solbergs andre soloalbum.

Som tekstforfattar og komponist er Jon Solberg blant dei fremste i Noreg. Han skriv vart, genuint og ekte om livet på godt og vondt – «om kjærleiken og om det midt imellom», som han formulerer det sjølv. «Kva ellers skal ein skrive om?»

Jon Solberg har ei eiga evne til å sjå det store i det små – til å skrive fram ei tydeleg verd som vi kjenner oss igjen i, men som vi likevel ikkje har høyrt om før. Og som komponist skapar han musikalske stemningar som sit att i sjela lenge etter at gitaren er pakka vekk.

 «Mer enn noen gang har en av landets fremste låtskrivere levert varer som gjør hodet litt klokere og hjertet varmere», som Olav Solvang i Vårt Land formulerte det etter lanseringen av Jons første soloalbum.

«Låtskriving er min bensin for å halde på med musikk, og for å lære meg å spele på ulike instrument som gitar, banjo, fele trommer og munnspel. Eg har alltid laga låtar. Det var slik det starta, og det er slik det har heldt fram. I ein song kan ein synge ting det ikkje er så enkelt å få sagt på andre måtar. Musikken gjev orda oppdrift og kjenslene vinger. Eg likar å kall meg «låtsmed» fordi det gjev eit hint om at musikken min har røter. Det er bra å nå ut, men det beste er å nå inn.»

Jon Solberg

Dei fleste låtane på plata er spela inn i studioet til Tor Magne Hallibakken på Nesbyen. Første smakebit kjem i januar, med lansering av singel og musikkvideo.

Til Bok og Blueshuset har Jon Solberg med seg Anders Røine på langeleik, fele, gitar og munnharpe.

Scroll to Top